1. Hjem
  2. Turmat frå heile verda samla folk i Sogn
Turmat frå heile verda samla folk i Sogn - headerbilde

Dato skrevet 16.10.2026 20:57 . Endret 16.10.2026 21:35 .

Turmat frå heile verda samla folk i heile Sogn

Gjennom hausten har «Turmat frå heile verda» samla innbyggjarar, tilflyttarar og tilreisande i Lærdal, Årdal og Luster. Med mat som felles språk har arrangementa skapt møteplassar der folk har kunna dele smakar, historier og kulturar frå heile verda.

I regi av Sogn friluftsråd, i samarbeid med vaksenopplæringa, frivilligsentralar og lokale lag og organisasjonar, vart «Turmat frå heile verda» arrangert fleire stader i regionen. Målet har vore å kombinere friluftsliv, fellesskap og kulturelt mangfald gjennom eit lågterskel arrangement for alle.  

Smakar frå mange land

På arrangementa kunne publikum smake på eit breitt utval av rettar frå ulike verdsdelar. Menyen var prega av både kjende norske favorittar og internasjonale spesialitetar.

I Gaupne vart det mellom anna servert samosa frå Kenya, empanadas, arepas, brigadeiro, tunfisksalat, wokgrønsaker, vaflar og lappar. I Utladalen fekk dei frammøtte smake rettar frå mellom anna Ukraina, Thailand, Palestina, Kurdistan og Sudan, i tillegg til norsk rømmegraut og spekemat.

Felles for alle arrangementa var at maten vart laga av menneske som bur i lokalsamfunna, mange av dei deltakarar ved vaksenopplæringa. Gjennom matlaging og servering fekk dei høve til å dele tradisjonar og kulturar frå heimlanda sine.

  1040 (1).jpg  

Møte mellom menneske

Sjølv om maten stod i sentrum, handla arrangementa om mykje meir enn smaksopplevingar. Målet var å skape møte mellom menneske som elles kanskje ikkje ville møtt kvarandre i kvardagen.

Rundt matbord, bålpanner og sitjeplassar vart det knytt nye kontaktar og delt erfaringar på tvers av språk, alder og bakgrunn. Både lokale innbyggjarar, nye landsmenn, haustferiegjester og tidlegare deltakarar frå vaksenopplæringa fann vegen til arrangementa.

 1184.jpg 

Friluftsliv som inkluderande arena

Turmat frå heile verda er eit døme på korleis friluftslivet kan vere ein møteplass som byggjer fellesskap. Når naturen dannar ramma rundt arrangementa, vert terskelen låg for å delta, og det blir naturleg å møtast gjennom aktivitetar, mat og samtalar.

Sogn friluftsråd ønskjer å bidra til at fleire kjenner seg heime i friluftslivet, uavhengig av bakgrunn. Gjennom arrangement som dette får deltakarane både oppleve naturen og bli ein del av eit større fellesskap.

 1035.jpg 

Ynskje om vidareføring

Dei positive tilbakemeldingane og det gode oppmøtet syner at konseptet treff eit behov i lokalsamfunna. Arrangementa har skapt gode møteplassar, gitt nye matopplevingar og vist kor mykje ein kan lære av kvarandre gjennom noko så enkelt som å dele eit måltid.

Sogn friluftsråd rettar ei stor takk til alle som har bidrege med mat, frivillig innsats og samarbeid, og håpar at «Turmat frå heile verda» kan halde fram som ein årleg tradisjon i Lærdal, Årdal, Luster og resten av regionen.