Småbruket i Eidet
Småbruket i Eidet er ein liten fjordgard med eit bygnings- og kulturmiljø som både speglar fjordkulturen og gardskulturen. Sogn friluftsråd overtok eigedomen frå De Heibergske Samlingar i mars 2026 og planen er at heile eigedomen skal setjast i stand og utviklast til eit ålment friluftsområde. Småbruket ligg att med den kommunale badestranda inst i Eidsfjorden i Sogndal kommune.
Arven etter Svein Henjesand
De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum fekk gardsbruket som testamentarisk gåve i 1987, og tok over drifta i 2000 etter at Svein Henjesand gjekk bort. Svein var den siste som budde på garden. Han dreiv garden som eit mangesysleri, med bygging av sognabåtar i båtbyggjarverkstaden, dyrka frukt, hadde dyr og dreiv truleg med fiske. Gardsbruket i Eidet har ein rik historie som er dokumentert heilt tilbake til tidleg 1600-talet. Formidlingsverdien frå historia i Eidet vil vere stor, og følgjeleg viktig å få fram i
utviklinga og vidare bruk av eigedommen.
Framtidig bruk
Vi skal skape ein naturmøtestad for fjordbasert friluftsliv og kystkulturell aktivitet. Eidet vil vere ein sentral arena for born og
unge, vaksne og eldre når det gjeld friluftsliv. Utvikling og istandsetjing av Eidet gjeld eigedommen i sin heilskap, og vil vere delt opp i ulike delprosjekt. Det vil vere viktig å prioritere tiltak som gjer at eigedommen kan takast raskt i bruk. Bygningane på området vil nyttast som arena for friluftsaktivitet på lang og på fjorden. Til dømes vil båtbyggarverkstaden på eigedommen nyttast som ro- og padleanlegg og Sagi som gapahuk og naturmøtestad.
Kan ein bruke eigedomen i dag?
Det er i dag høve til å nytte uteområdet på eigedomen til rekreasjon og opphald. Sidan eigedomen er under utvikling er det ikkje høve til å ta i bruk bygga. Vi vil minne om at dei generelle bestemmelsane i friluftslova gjeld inne på eigedomen og vi vil be om å opptre omsynsfullt og ta omsyn til andre besøkande.
Velkomen til Eidet!