Læring i friluft – Friluftsrådets pedagogiske tilbod
Foto: Vegard Aasen
Læring i friluft er eit gratis tilbod til skulane i medlemskommunane våre. Målet er å gjere det enklare å ta undervisninga ut – og vise at læring i naturen gir både meir motivasjon, betre samarbeid og større læringsutbytte.
Tiltaket er forankra i læreplanverket (LK20) og byggjer på forsking som viser at uteundervisning:
- styrkjer læringsutbytte og motivasjon
- fremjar trivsel, samarbeid og sosial utvikling
- bidreg til meir dagleg fysisk aktivitet
- har særleg god effekt for elevar som lærer best gjennom praktisk arbeid
Det handlar om at elevar får lære om røyndomen i røyndomen – ved å bruke kropp og sansar i læringsprosessen. Når elevar får utforske, observere, måle og erfare ute, blir læringa både meir konkret, variert og minneverdig.
Kva får skulane som blir med?
Deltaking i Læring i friluft er gratis, og Sogn Friluftsråd dekkjer alle kostnader knytt til kurs, utstyr og oppfølging (utanom eventuelle vikarutgifter).
Skulane får:
- Utstyrspakke med friluftsutstyr og undervisningsmateriell
- Fagleg støtte og kurs på eiga skule – praktiske og konkrete opplegg tilpassa fag og behov
- Kartlegging av uteområde i samarbeid med lærarar og friluftsrådet – resultatet blir eit profesjonelt kart over gode læringsarenaer ute
- Samlingar og nettverk for ressurslærarar frå skulane, med fagleg påfyll og erfaringsdeling
Organisering
- Læring i friluft blir drive som eit nettverk av skular i regi av Sogn Friluftsråd.
- Kvar skule deltek med representantar frå lærarkollegiet, SFO og leiinga.
- Ressursgruppa møtest ein gong i året til samling med fagleg innhald, praktiske økter og deling av erfaringar.
I tillegg tilbyr friluftsrådet 1–2 kurs i semesteret for heile personalet på kvar skule – med konkrete, fagknytte undervisningsopplegg som gjer det lett å bruke naturen som klasserom.
Kvifor Læring i friluft?
Forskingsbasert erfaring viser at uteskule:
- styrkjer motivasjonen og læringsresultata, særleg i fag som matematikk, naturfag og språk
- fremjar sosial kompetanse gjennom samarbeid og samspel
- reduserer uro og konsentrasjonsvanskar, og aukar meistring og trivsel
- fremjar miljøforståing og naturnærleik hos barn og unge
Professor Arne Nikolaisen Jordet understrekar at "uteskule gir elevane høve til å bruke kropp og sansar i læringsprosessen, og dermed utvikle ei djupare forståing av faga.".
Sogn Friluftsråd ønskjer å bidra til at naturen blir ein naturleg del av skulekvardagen – ikkje som ei ekstra oppgåve, men som eit verktøy som gjer undervisninga enklare, meir variert og meir motiverande.
Les meir om forskinga bak tiltaket på friluftsrad.no/laering-i-friluft
Digital ressurs
Læringsportalen er ein digital ressurs frå Friluftsråda og Friluftsrådenes Landsforbund som gir inspirasjon, kunnskap og verktøy til meir og betre uteaktivitet i barnehage, grunnskule og SFO.