Frå fjell til fjord 2026
PÅMELDING åpnar 28. mai kl. 18.00:
https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/event/1078673256
Ein friluftsfestival for ungdom
Frå fjord til fjell er ein gratis friluftsfestival for ungdom i 7.–10. klasse frå heile Sogn. Festivalen går over to dagar med éi overnatting i telt, og vert arrangert ved vakre Kvamsøy i Balestrand. Målet er å skape ein trygg, rusfri og inkluderande møteplass der ungdom kan oppleve meistring, fellesskap og friluftsliv.
Kven kan delta
Festivalen er open for ungdom frå kommunane Årdal, Aurland, Lærdal, Luster, Vik og Sogndal. Du må ha begynt i 7, 8, 9 eller 10 klasse. Det er plass til om lag 100 deltakarar. Tilbodet er gratis for å sikre at alle kan delta, uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Program og aktivitetar
Transport og utstyr
Det vert sett opp felles transport frå fleire plassar i regionen; Skjolden via Gaupne, Hafslo og Sogndal, frå Øvre Årdal via Tangen og frå Aurland via Lærdal. Meir informasjon om avgangar kjem ved påmelding. Dersom du manglar utstyr som telt eller sovepose, vil det vere mogleg å låne dette gjennom lokale ordningar.
Tryggleik og rammer
Festivalen har fokus på tryggleik og trivsel. Det er vaksne leiarar til stades under heile arrangementet, og alle aktivitetar vert gjennomført med nødvendige sikkerheitstiltak. Arrangementet er rusfritt, og det vert lagt vekt på eit inkluderande og godt sosialt miljø.
Påmelding
Påmelding opnar 28.mai kl. 18.00, og det er førstemann til mølla-prinsipp. Informasjon om påmelding vert publisert på nettsida og delt gjennom skular og sosiale medium.
Vil du vere frivillig?
Frivillige er heilt avgjerande for å få til festivalen. Vi ønskjer bidrag frå både enkeltpersonar, foreldre og lokale lag og organisasjonar. Som frivillig kan du bidra med alt frå praktisk tilrettelegging og matservering til aktivitetar og vakthald. Vi samarbeider også med Sygna vidaregåande skule, der elevar frå friluftslinja deltek som frivillige. Å vere frivillig er ein fin måte å bidra til eit positivt ungdomstilbod i regionen, samtidig som ein blir del av eit engasjert og inkluderande fellesskap. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å bidra!
Kontakt
Ingrid Emilie Aarflot
Tlf: 91004317
E-post: ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no