1. Hjem
  2. Friluftsfaglege kurs og rettleiing
  3. Fjordsatsingane i Sogn

Fjordsatsingane i Sogn

  Fotograf Vegard Aasen  

Foto: Vegard Aasen

 

Sognefjorden er ein av Noregs store naturperler, kjent for dei storslåtte landskapa sine. For å sikre at fjorden forblir rein og vakker for framtidige generasjonar, jobbar Sogn Friluftsråd aktivt med frivillig rydding, samarbeid med næringslivet og mobilisering av lokalsamfunnet.

 

1. Ryddeaksjonar og fjordkveldar

Brei mobilisering gjennom nasjonale fellesarrangement, som Vårryddedagen og Strandryddeveka, og dessutan løpande ryddeaktivitetar og arrangement gjennom heile året. Dette inkluderer mellom anna ryddeaksjonar i samarbeid med skular og norskopplæringa. 

Sogn Friluftsråd vil i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Naturvernforbundet i Indre Sogn og Framtidshavet arrangera ein serie med fjordkveldar. Målet er å belysa Sognefjorden gjennom ulike tema, frå dyreliv og miljøtilstand til fjorden som friluftsarena, og vekke engasjement i heile regionen.

 

2. Målretta mobilisering av næringslivet

Vi samarbeid med bedrifter, spesielt innan landbruk, for å rydda plast i og langs elvar og fjorden. Samtidig jobbar me for betre handtering av landbruksplast, slik at han ikkje hamnar i naturen. I prosjektet skal avfallet som blir rydda, så langt det er mogleg, blir kategorisert og registrert. Dette vil gi verdifull kunnskap om kvar forsøplinga kjem frå og korleis den best kan førebyggjast.

 

3. Tilrettelegging for frivillig rydding

Me ønskjer å gjera det enkelt og praktisk å delta i frivillig rydding. Derfor vil me etablera gode ordningar for henting av ryddeutstyr og levering av avfall etter rydding. Me jobbar med å leggja til rette for lett tilgjengelege hentepunkt og returordningar, og dessutan å utvikla gode løysingar i samarbeid med relevante aktørar. Målet er å senka terskelen for deltaking og sikre at avfallet blir handtert på ein effektiv og miljøvennleg måte.

 

Sjekk ut vår rydderettleiar for meir informasjon om korleis du kan planleggja og gjennomføra ein ryddeaksjon.