1. Hjem
  2. Friluftsfaglege kurs og rettleiing
  3. Fjordsatsingane i Sogn
  4. Kartlegging av marin forsøpling og mikroplast i Sognefjorden

 hjemmeside.png 
Foto: Mikroplastfragment frå ulike kjelder, og detonasjonssnorer frå tunnelarbeid funne i eit fuglereservat

Frå august til oktober 2026 gjennomfører studentar eit eksamensprosjekt om marin forsøpling og mikroplast på Eide badeplass og Ylvisåker badeplass ved Sogndal. Nokre avgrensa område er merka som prøvestasjonar og må få liggje urørte mellom registreringane. Områda kan sjølvsagt nyttast som normalt, men vi ber om at søppel som blir funne her ikkje blir fjerna før siste registrering er gjennomført. Blir søppelet fjerna mellom registreringane, misser prosjektet moglegheita til å måle den faktiske opphopingsraten.

Marin forsøpling og mikroplast er eit problem i Sognefjorden. For å få betre kunnskap om kor mykje søppel som hopar seg opp, og kva slags plast det dreier seg om, gjennomfører studentar i haust eit feltprosjekt i samarbeid med Sogn Friluftsråd og Høgskulen på Vestlandet.

På Eide og Ylvisåker badeplass er det sett opp avgrensa prøvestasjonar, om lag 100 × 10 meter store og tydeleg merka i terrenget. Her blir alt synleg søppel samla inn, sortert og registrert tre gonger i løpet av hausten i august, september og oktober

Utanfor dei merka stasjonane er alle framleis hjarteleg velkomne til å rydde strendene som normalt! Har du spørsmål om prosjektet, ta kontakt med Sogn Friluftsråd.

 hjemmeside1.png