Friluftsvenn
Bli med på lågterskelturar!
Foto: Vegard Aasen
Friluftsvenn er eit gratis tilbod der vi møtest til enkle gåturar og aktivitetar ute – ein dag i veka, i fleire bygder i Sogn. Turen varer om lag ein time og blir kombinert med ei kort aktivitet som avspenning, leik, lett styrke, konkurranse eller bålkos. Målet er å skape eit trygt og sosialt fellesskap der alle kan vere med, uansett alder og formnivå.
Tilbodet er ope for alle – heilt utan påmelding eller kostnad. Informasjon om turane blir delt i lokale Facebook-grupper for kvar stad.
Bli frivillig turleiar
Har du lyst til å bidra til meir aktivitet og fellesskap i bygda di?
Som frivillig friluftsvenn får du vere med å planlegge og leie turane, gjerne saman med ein annan turleiar. Du blir del av eit inkluderande miljø, får opplæring og tilgang til ei tursekk med det du treng for å gå tur i nærmiljøet.
Du treng ikkje vere ekspert – berre ha lyst til å engasjere deg og skape trivsel i nærmiljøet!
Frisklivssentralen og fysioterapeutar gir opplæring, inkludert førstehjelpskurs for alle frivillige.
Vil du bli med?
Ta kontakt med:
ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no
910 04 317