1. Hjem
  2. Prosjekt
  3. Stikk UT!

  Stikk UT!

Stikk UT! i Sogn startar opp som ein del av Friluftslivets år 2025.  

SETÅLEN SOLVORN SOGNEFJORD FOTO VEGARD AASEN.png 

Gratis og felles turtrim i Sogn

Stikk UT! skal vere ein felles turtrim for medlemskommunane i Sogn friluftsråd.

Turtrimmen har som mål å samle bygde- og idrettslagstrimmar i same digitale løysing. I tillegg vil vi ha fokus på å legge ekstra til rette for lågterskel turar i og nær tettstadane.

 

Ein suksess frå nord

Stikk UT! har eksistert lenge i Møre og Romsdal, og har vorte den mest populære turtrimmen i Noreg med kring 1 million registrerte turar i året. No blir Stikk UT! utvida til fleire friluftsråd i landet, og Sogn Friluftsråd hadde oppstart 14. juni 2025.

I Sogn er det i første omgang Sogndal og Luster som startar opp, med godt samarbeid med kommunekontaktar, idrettslag, bygdelag og andre med ansvar for turmåla. Vik har meldt interesse og er i gang med registrering av turar. Det betyr at 3 av 6 medlemskommunar er med i løpet av 2025.

 

Enkelt å finne turar der du bur

I appen, eller på nettsida til Stikk UT! kan ein finne turar i nærleiken. Alle turane har ein god turbeskrivelse, er godt merka og har informasjon om parkering. På kvart turmål vil det vere ein turkode som registrerast i appen.

Velkomen ut i Balestrand, Norane, Sogndal, Fjærland, Indre Hafslo, Gaupne, Luster og på Skjolden! Kaupanger, Leikanger og bygdene i Vik kommune blir med etterkvart.

 

Slik gjer du det

Det er enkelt å bli med på Stikk UT! Alt du treng å gjere er å laste ned appen, opprette ein brukar og registrere turane dine. Det er heilt gratis å vere  med.

 

 thumbnail_image001.png         thumbnail_image002.png       thumbnail_image003.png 

 

1. Last ned Stikk UT! appen frå App Store eller Google Play.

2. Lag ein brukar, og bruk kartet for å finne ein passande tur i nærleiken. Turane har kart, bilete, gps-spor og gode skildringar slik at det er enkelt å finne fram.

3. Kvart Stikk UT!- turmål har ei postkasse eller kodeplate, der ein finn ein eigen kode. Koden blir enten fanga opp av GPS-signal eller så registerer ein koden i appen.

I appen kan du halde oversikt over kva turar du har registrert, og sjå statistikk over sesongen. Her finn du og topplister, som kor mange som besøker kvart turmål, kva turar som har flest besøk, og anna.

 
Stikk UT! er Norge sin mest populære turtrim og består av merka turstiar med turmål der ein kode for turen vert registreres digitalt.