Vil du bidra til eit reinare Sogn?  

Her er ein enkel og praktisk guide til korleis du kan vera med og bidra

   Hjemmeside.jpg    Foto: Hold Norge Rent

 

Vil du vere med i den månadlege trekkinga av kule premiar? Registrer ryddeinnsatsen din her: Registrere sekker eller send eit bilete til christian.hogsgaard.johansson@sognfriluftsrad.no. Ved manglar eller spørsmål, kontakt: 47889659


Ryddekassa – alt du treng, på éin stad

Rundt om i Sogn finn du ryddekasser plasserte langs fjorden 

Kvar kasse inneheld:

Hanskar – for trygg og hygienisk rydding 

Ryddebingo – gjer ryddinga til eit spel for store og små. På baksida kan du registrere antal gjenstandar du finn – ta eit bilete og send det inn til christian.hogsgaard.johansson@sognfriluftsrad.no og vær med i trekkinga av kule premiar!

Vekt – så du kan registrere/måle kor mykje du samlar inn


Slik gjer du det

1. Ta det du treng frå kassen Hanskar, bingo-ark og vekt ligg klart.

2. Rydd – og ha det kjekt! Bruk ryddebingoen til å utforske kva du finn langs ruta.

3. Veg søppelet og legg utstyret tilbake So er kassen klar for neste ryddar!


Registrer innsatsen din

Logg inn på ryddenorge.no og registrer kor mykje du samla inn. Tala hjelper oss å dokumentere forsøplinga og skaffe midlar til meir rydding i Sogn. Ei meir detaljert registrering er eit viktig bidrag til folkeforskinga

Ingen kan gjera alt – men alle kan gjera litt. Takk for at du bryr deg! 💚

Rydd trygt og effektivt 

For å sikra ein trygg og effektiv ryddeaksjon, sjekk ut rettleiarene frå Hold Norge Rent:

Vil du vite meir?

Hold Norge Rent har samla alt du treng å vite om forsøpling i si kunnskapsbasen– frå fagartiklar og oppdatert ryddestatistikk til informative illustrasjonar.

Skaff ryddeutstyr og legg ein plan for å levera avfallet 

På  Ryddenorge.no sitt kart finn du oversikt over: 

  • Hentepunkt for ryddeutstyr (aktiver visning av kartlag "ryddeutstyr")
  • Leveringsstader for avfall (aktiver visning av kartlag "avfallshåndtering")

For rettleiing til handtering av avfall i Sogn, klikk innom SIMAS

 

 

 

 

 




Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt!
Takk for at du engasjerer deg!!