1. Hjem
  2. Litteraturbåten ryddar for livet i og ved fjorden
Litteraturbåten ryddar for livet i og ved fjorden - headerbilde

Dato skrevet 07.10.2026 10:11 . Endret 07.10.2026 16:02 .

Fjordkveldar: Livet i og ved fjorden

Vi fekk med oss Litteraturbåten EPOS inn i den vakre fjorden vår for å fortelje om det spennande livet i fjorden og kvifor vi må ta vare på det. Onsdag kveld la EPOS til kai i Balestrand, torsdag i Sogndal, før turneen blei avslutta fredag i Aurland. Se reelen frå turne her: Instagram

Programmet på Fjordkvelden inneheldt:

Arrangør av Rein Sognefjord, Kenneth Bruvik, fortalde om aktivitetane under vekas ryddeaksjonar og om plasthvalen som stranda på Sotra i 2017. I tillegg hadde Kenneth heimesnekra ei rekkje hvalar, som blei delte ut som ei påminning om kor viktig kampen mot plast i havet er.
hval_hoy_kvalitet_1.png
Pia Ve Dalen fylte salen med smittande energi og tok publikum med på ei reise under vatn, inn i det forunderlege livet i havet. Her kan ein trygt seie at alle lærte noko nytt om den vakre fjorden vår og om alt det spennande livet som finst under overflata. Eit liv vi må ta vare på! Alt frå ting du ikkje visste at du lurte på, til Noregs viktigaste dyr og dyr som kan sjå ut som heilt andre ting, blei utforska og forklart. Det blei både latter, overrasking og mykje ny kunnskap om livet i fjorden.

Sigrid Sandberg kom med ei hjartevarm forteljing om ein fjord og ei mor. Ho fortalde, las og viste lysbilete frå eigne erfaringar. Mellom anna fortalde ho om korleis mora hadde vore med på å forme forholdet hennar til fjorden, og korleis det påverka reisa hennar langs fjorden. Fleire av forteljingane var henta frå boka Ro – om Sognefjorden og ein lang rotur heim.

Statsforvaltaren presenterte kva overvakingsprogrammet for Sognefjorden går ut på, og kvifor dei gjennomfører overvakinga. Presentasjonen blei halden av Kristine Hetlesæter og Gunn Helen Henne.

Stine Skjerdal frå Naturvernforbundet Sogn og Fjordane fortalde om kvifor det er feil å kalle dei ein «nei-organisasjon». Ho løfta fram at dei ofte seier ja – til dømes ja til vern av Sognefjorden og ja til å stanse dumpinga i Førdefjorden.

Christian Johansson frå Sogn Friluftsråd gav eit lokalt perspektiv på korleis det eigentleg står til med Sognefjorden, og kvifor det er viktig å ta vare på tilstanden i Noregs lengste fjord.

Kvelden blei avslutta med eit musikalsk innslag frå Line Dybedal, som med si varme stemme og gitarist Inge Ronny Kvåle tok publikum med på ei stemningsfull reise gjennom draumande melodiar og ektefølte tekstar.

 fjordkveld_collage_2.jpg 

Skulebesøk på dagtid

Onsdag var vi så heldige å få besøk av elevar frå Sagatun skule på 8.–10. trinn. Saman fekk vi rydda store mengder boss, mellom anna ved hjelp av Skjærgårdstjenestebåten frå Fjordane Friluftsråd. I tillegg fekk elevane eit spennande foredrag om bord på Litteraturbåten EPOS, med marinbiolog Pia Ve Dalen.

Torsdag og fredag stod det same programmet på planen, då vi fekk besøk av elevar frå Kvåle skule på 7. trinn og Aurland barne- og ungdomsskule på 7.–10. trinn. Også her blei det rydda store mengder boss, kombinert med spennande formidling om livet i fjorden og kvifor vi må ta vare på det.

fjordkveld_collage.jpg