Friluftskulene er i gang
Årets Friluftsskule er endeleg i gang, og vi ser tilbake på ei innhaldsrik og minnerik første veke. I Vik, Årdal og Sogndal har deltakarane fått utforske naturen, lære nye ferdigheiter og skape gode sommarminne saman.
Programmet har vore fylt med spennande aktivitetar som sykling, klatring, kanopadling og ulike utfordringar gjennom «Kompani Sogn». Gjennom leik, samarbeid og meistring har deltakarane fått oppleve kor mykje glede friluftsliv kan gi.
I Vik var fiskelukka heilt spesiell. Der fekk fleire deltakarar fisk medan dei sat i kano – ei oppleving dei seint kjem til å gløyme! Slike augeblinkar er noko av det som gjer Friluftsskulen så unik, og viser kor mykje naturen har å by på når ein tek seg tid til å utforske han.
Vi er svært glade for den gode stemninga, engasjementet og innsatsen frå både deltakarar, instruktørar og samarbeidspartnarar. Det er inspirerande å sjå kor raskt nye vennskap blir skapte, og kor mykje meistring og glede som oppstår gjennom aktivitetar ute i naturen.
Det er framleis nokre ledige plassar på fleire av friluftsskulane våre denne sommaren. Har du lyst til å vere med på dagar fylt med aktivitet, naturopplevingar og nye vennskap, er det framleis mogleg å melde seg på.
Denne veka ser vi fram til nye eventyr saman med deltakarar i Leikanger, Hafslo og Sogndal. Vi gler oss til endå fleire fine opplevingar ute!
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook (@sogn.friluftsrad) for bilete, filmar og oppdateringar frå Friluftsskulen gjennom sommaren.
