Det er fredags morgon. Sola glitrar i Sognefjorden, og den nysprungne bjørka fargelegg fjellsidene grøne denne fredagsmorgonen i slutten av mai. Rocket-Man fyller bilane med spente ungdomar på veg mot Vik. Først står ribb-båt på planen – deretter skal dei rydde noko av det kjæraste me har: Sognefjorden.
Den 15. mai samla Rocket-Man og Sogn Friluftsråd 16 ungdomar og aktivitetsguidar til å vere med på rydde-tokt i Vik. Målet var å teste ut konseptet før me skal ha ein større tokt i september. Resultatet frå testturen var ein dag fylt med fart, samarbeid, og ein solid innsats for miljøet - ungdomane plukka over 100 kilo søppel langs fjæra.
Bak initiativet står prosjektleiar i Rocket-Man, Astrid Torsvik, og Christian Johansson i Sogn Friluftsråd. I september skal dei ta med ungdomen i Rocket-Man på ei heilt spesielt tokt i Sognefjorden. Ombord på Fjordryddaren Dag-Viggo skal ungdomane få oppleve livet på fjorden gjennom opprydding av marint avfall langs strender og viker som berre er tilgjengelege med båt. Her skal ungdomane få sjå med eigne auge korleis plast og søppel påverkar naturen. Dei vil lære om livet i fjorden og det marine miljøet av Christian Johansson, som er utdanna marinbiolog. Prosjektet skal gje meistringskjensle, samhald og nye erfaringar ute i naturen.
Ryddeaksjonen er ein del av ei større kartlegging av forsøpling i Sognefjorden som Sogn Friluftsråd har gjennomført. Gjennom prosjektet har Sogn Friluftsråd opparbeidd seg viktig kunnskap om kvar avfallet samlar seg – særleg i område som er vanskelege å nå utan båt. Difor er søppeltokt på sjøen ein særs effektiv måte å rydde fjorden på. Rocket-Man og Sogn Friluftsråd er glade for å kunne samarbeide om å få til dette prosjektet. Sogn Friluftsråd får verdifull arbeidskraft, og ungdomane får delta i meiningsfull aktivitet. Ungdomane i Rocket-Man får sjå eit direkte resultat av innsatsen dei legg ned, og sit igjen med både ansvarskjensle og stoltheit. Dei ser at dei kan gjere ein stor forskjell for naturen, på kort tid.
Me vil takke lokale støttespelarar som har bidrege til å få prosjektet på sjøen, og ein ektra stor takk til Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Lions Luster og Lions Sogndal som har vore med og finansiert denne testturen til Vik.
I september går det store rydde-toktet av stabelen. Då ventar nye dagar på fjorden – med søppelplukking, læring, samarbeid og opplevingar ungdomane seint vil gløyme.
