Friluftskulen sommar 2026
No er det endeleg klart; vekene for Friluftsskulen 2026 er publisert! Vi gler oss stort til ein ny sommar fylt med aktivitetar, naturopplevingar og gode minner for barn og unge i regionen.
Friluftsskulen er eit gratis ferietilbod for barn i alderen 10–13 år (ferdig i 4.– ferdig i 7. klasse), der deltakarane får prøve seg på eit variert utval av friluftsaktivitetar. Gjennom veker med leik, læring og meistring ønskjer vi å skape både naturglede og sommarminne som varer lenge.
Kva kan du forvente?
Deltakarane får vere med på spennande aktivitetar som:
- Kanopadling
- Klatring
- Sykling
- Bading
- Utforsking av naturen i Sogn
I tillegg legg vi vekt på fellesskap, samarbeid og det å ha det kjekt saman ute.
Praktisk informasjon
- Tilbodet går måndag til torsdag
- Kl. 09:00–15:00 kvar dag
- Gratis lunsj blir servert
- Nokre veker tilbyr overnatting under open himmel
Plassane er avgrensa, og erfaring viser at dei blir raskt fylte opp – så her gjeld det å vere tidleg ute!
Sjå vekeoversikta
Oversikt over kvar og når dei ulike vekene blir arrangert finn du her:
Påmelding
Påmelding opnar 27. mai kl. 18 og skjer etter “førstemann til mølla”-prinsippet. Lenke finner du her:
https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/

