1. Hjem
  2. Vil du bidra til meir praktisk og variert undervisning i grunnskulen?
Vil du bidra til meir praktisk og variert undervisning i grunnskulen? - headerbilde

Dato skrevet 31.01.2026 10:10 . Endret 31.01.2026 10:24 .

Vil du bidra til meir praktisk og variert undervisning i grunnskulen?

 

Prosjektet Læring i friluft skal vere eit kompetanseløft for lærarar som tek i bruk naturen og nærmiljøet som læringsarena i ulike skulefag. 

Prosjektet går føre seg i perioden 2026–2028. Friluftsrådet vil inngå samarbeid med 10–15 skular i regionen. Kvar skule får fagleg støtte og rettleiing på eigen skule, og peikar ut to ressurslærarar som deltek i ei ressursgruppe på tvers av deltakarskulene. Ressursgruppa vil ha ein til to felles samlingar kvart år. 

Me søkjer no ein prosjektleiar som skal ha ei rettleiande og koordinerande rolle i prosjektet. Friluftsrådet gjennomfører prosjektet i samarbeid med mellom anna Høgskulen på Vestlandet, Breheimsenteret og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Prosjektleiaren vil få opplæring i Læring i friluft-metodikken. 

Målet med prosjektet er å bidra til at naturen vert ein naturleg del av skulekvardagen – ikkje som ei ekstra oppgåve, men som eit pedagogisk verktøy som gjer undervisninga enklare, meir variert og meir motiverande. Friluftsrådet ynskjer særleg å satse på grunnskulen i dette arbeidet. 

Les meir om stillinga og søk her.