Friluftsskulane - vinterferie 2026
Sogn friluftsråd inviterar born frå sine 6 medlemskommunar til friluftsskule i vinterferien. Tilbodet er for born i alderen 4. klasse - 7. klasse. Aktiviteten vil gå over to dagar og bli arrangert på fem lokasjonar, sjå tabell under. Påmeldingane er opne for alle uavhengig av kva kommune bornet bur i.
Friluftsskulane i vinterferien er eit ferietilbod som skal gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftsliv på vinteren. Gjennom aktivitetar i skibakken, leik med snø og is, og matlaging ute ynskjer me å gi born eit nært og godt forhold til natur, samstundes som dei får oppleve meistring, glede og gode minner blir skapt!
Generell info om veka - meir konkret informasjon kjem på mail etter påmelding:
- Dag 1: Ski og leik i skitrekk + overnatting på hytte
- Dag 2: Vinterleikane
- Sulebu: Vi går på langrennsski/fjellski til Sulebu på Filefjell (ca. 5,5 km en vei). Overnatting på DNT hytte. Man trenger ikke ha mye erfaring med ski, vi bruker god tid og har erfarne instruktører.
- Me bistår med utstyr om det trengst.
- Det vert busstransport til dei ulike plassane me skal vere. Frå Årdal og Lærdal til Filefjell, frå Årdal, Lærdal og Sogndal til Sulebu, Vik til Myrkdalen.
- Det vert servert gratis lunsj begge dagar, samt frukost og middag i samband med overnatting.
Tilbodet er gratis og man kan låne alt av utstyr om det trengs. Det er avgrensa med plassar. Av erfaring vert det fort fullt, så ver rask med påmelding!! Påmelding finn de på Sogn friluftsråd si heimeside eller facebook-side. Påmeldinga åpner onsdag 28.01.25 klokka 18.00 og skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.
Påmelding (arrangementene dukker opp når påmelding åpner): https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/
| Tid | Alpint/frikjøring: | Alpint/frikjøring: | Ekspedisjon: |
| 16 - 17. februar | Hafslo/Sogn skisenter | Myrkdalen skisenter | Skitur til Sulebu DNT hytte |
| 18 - 19. februar | Filefjell skisenter | Sogndal skisenter |
|
| Kontaktperson: | Ingrid Emilie AarflotTlf: +47 91004317ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no | Hedda Romberg Tlf: +47 46473049 hedda.romberg@sogndalidrettslag.no | Ingeborg Kvåle BruflotTlf: +47 97673178ingeborgbruflot@gmail.com |

