Friluftskule haustferien 2025
Lenke til påmelding kjem lenger nede
I år arrangerer Sogn Friluftsråd for fyrste gong friluftsskular ihaustferien i våre medlemskommuner Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Gaupne. Tilbodet er for barn mellom 10 og 13 år (4.–7. klasse), og skal gi ei lystbetont og lærerik innføring i friluftsliv.Gjennom ulike aktivitetar og møte med natur ynskjer me å gje born eit nært og godt forhald til natur, samtidig som dei opplev meistring, læring, glede og skape gode opplevingar ute i naturen.
Generell info om alle vekene - Meir konkret informasjon kjem på mail etter påmelding:
- Me har opplegg måndag 6. oktober til onsdag 8. oktober
- Me møter og avsluttar dagen same plass kvar dag. Dagen varar frå 09.00 - 15.00.
- Ein av dagane varar frå 09.00 – 18.00, me lagar lunsj og middag i lag denne dagen.
- Det vert servert gratis lunsj kvar dag.
- Me vil vere innom ulike uteaktivitetar som sykling, kanopadling, tur og matlaging ute
Tilbodet er gratis. Det er bergensa antall plassar. Av erfaring vert det fort fullt, så ver raskt ute med påmelding!
Påmeldinga opnar torsdag 25. september kl. 18.00 og skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.
Lenke: Påmelding til friluftskulane 2025
Ved spørsmål:
Ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no/ +47 91004317