1. Hjem
  2. Friluftsskular sommaren 2025
Friluftsskular sommaren 2025 - headerbilde

Dato skrevet 27.05.2025 18:15 . Endret 27.05.2025 18:46 .

Friluftsskulane 2025

Lenke til påmelding lenger nede


For andre gong skal Sogn friluftsråd arrangere friluftsskular i sine 6 medlemskommunar. Dette er eit tilbod for born i alderen 10-13 (fullført 4. klasse - fullført 7. klasse). I Sogndal og Leikanger samarbeider vi med Sogndal idrettslag og tilbyr tre veker for 1-3.klasse og ei veke for 13-16. Sjå tabell under. Påmeldinga er open for alle uavhengig av kva kommune bornet tilhøyrer.


Friluftsskulene er eit ferietilbod som skal gje deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftsliv. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og møte med natur ynskjer me å gje born eit nært og godt forhold til natur, samtidig som dei opplever meistring, læring, glede og skapar gode sommarminner.


Generell info om alle vekene - Meir konkret informasjon kjem på mail etter påmelding:
● Me har opplegg måndag til torsdag kvar veke.
● Me møter og avsluttar dagen same plass kvar dag. Dagane varer frå 09.00 - 15.00.
● Det vert servert gratis lunsj kvar dag.
● Me vil vere innom ulike uteaktivitetar som sykling, klatring, kanopadling, bading og kompani Sogn
● Det vil vere tilbod om overnatting under open himmel siste natta.


Tilbodet er gratis. Det er avgrensa antal plassar. Av erfaring vert det fort fullt, så ver raskt ute med påmelding!! Påmelding finn de på vår facebookside under namnet “Sogn friluftsråd” og på “Sognfriluftsrad.no”. Påmeldinga opnar onsdag 28. mai kl. 18.00 og skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.


Aktivitetsleiarane vil mellom anna vere Hedda Romberg, Ingrid Emilie Aarflot og Ingrid Kyte. Me er alle tidlegare studentar ved Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal, med master/bachelor i friluftsliv.

Veke Stad Stad Stad

26 (23 - 26. juni) 

Sogndal barn 1 (1-3.klasse) Årdal 1  Leikanger

27 (30.juni- 3. juli) 

Vik 1 Hafslo Sogndal 1 (4-7.klasse)

28 (7.-10.juli)

Lærdal 1 Leikanger barn (1-3.klasse)  

31 (28-31.juli)

Sogndal 2 (4.-7.klasse) Årdal 2 Balestrand

32 (4 -7. aug)

Lærdal 2 Sogndal Barn 2 (1-3.klasse) Gaupne
33 (11-14. aug) 

Vik 2 

Sogndal 13 +  Aurland
  Hedda Romberg
hedda.romberg@sogndalidrettslag.no
+47 46473049.
Ingrid Emilie Aarflot
aarflotingrid@gmail.com
+47 91004317
Ingrid Kyte:
ingridkyte@outlook.com
+47 97559224

 

Lenke: Påmelding til Friluftsskulane 2025

 

Me gler oss mykje! Sjåast!