Løys oppgåver frå Friluftsknappen i påska!
Påskedagane er ei fin anledning til å gjere aktivitetar frå Friluftsknappenheftet saman med barn og unge.
Alle oppgåvene der, og fleire til, finn du på nettsida til Friluftslivets år om du ikkje har heftet tilgjengeleg. Her er kopling til ein interaktiv nettversjon av Friluftsknappen - oppdag din nærtur
Kva er Friluftsknappen?
Friluftsknappen er eit aktivitetshefte som skal inspirere barn (og vaksne!) til å oppleve, utforske og ta vare på naturen. Heftet koplar barn (og vaksne!) til friluftsaktivitetar i nærmiljøet og frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet.
Aktivitetsheftet blir delt ut til alle barn i alderen 5-10 år gjennom barnehagane og skulane i samarbeid med Sogn Friluftsråd og Norsk Friluftsliv. Om ein ikkje finn heftet som har blitt delt ut, kan ein lasta ned heftet på nynorsk her: Friluftsknappen Nynorsk
Tips til påskeaktivitetar frå Friluftsknappen:
🐾 Gå på sporjakt i snøen eller på stien
🎨 Lag naturkunst med konglar, kvistar og steinar
🔍 Utforsk fuglelivet – kor mange ulike fuglar ser du?
🔥 Tenn bål på ein trygg stad og lag pinnebrød eller kakao
🎒 Gå på nærtur med nistepakke og ein lita overrasking i sekken