Friluftsskular i vinterferien (veke 8)
Sogn friluftsråd invitera born frå sine 6 medlemskommunar til friluftsskule i vinterferien. Tilbodet er for born i alderen 10-13 (4. klasse - 7. klasse). Aktiviteten vil gå over to dagar og bli arrangert på fire lokasjonar, sjå tabell under. Påmeldingane er opne for alle uavhengig av kva kommune bornet bur i.
Friluftsskulane i vinterferien er eit ferietilbod som skal gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftsliv vinterstid. Gjennom aktivitetar i skibakken, leik med snø og is, og matlaging ute ynskjer me å gje borna eit nært og godt forhold til natur, samstundes som dei får oppleve meistring, glede, og gode minne blir skapt!
Generell info om veka finn du inder. Meir konkret informasjon kjem på mail etter påmelding:
Aktiviteten går over to dagar
- Dag 1: Ski og leik i skitrekk + overnatting på hytte
- Dag 2: Vinterleikane
- Me bistår med utstyr om det trengst.
- Det vert busstransport til dei ulike plassane me skal vere. Frå Årdal og Lærdal til Filefjell, Sogndal til Hodlekve, Gaupne til Hafslo, Balestrand/Leikanger til Vik.
- Det vert servert gratis lunsj begge dagar, samt frukost og middag i samband med overnatting.
Tilbodet er gratis og ein kan låne alt av utstyr om det trengs. Det er avgrensa med plassar. Av erfaring vert det fort fullt, så ver rask med påmelding!!
Påmeldinga opnar onsdag 05.02.25, klokka 18.00, og skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.
Påmelding her
Tid | Stad | Stad |
17 - 18 februar | Filefjell skisenter | Hodlekve / Sogndal skisenter |
19 - 20 februar | Hafslo / Sogn skisenter | Vik skisenter |
Kontaktperson | Ingrid Emilie Aarflot | Hedda Romberg |
Kontaktinfo:
Ingrid Emilie Aarflot
Tlf: +47 91004317
Hedda Romberg
Tlf: +47 46473049