Vårryddedagen 2025
Sjekk ut vår rydderettleiar for meir informasjon om korleis du kan planleggja og gjennomføra ein ryddeaksjon.
Laurdag 22. mars inviterer Hold Norge Rent til ein nasjonal ryddedugnad! Vårryddedagen markerer starten på ryddeaksjonane i år og har som mål å fjerna mest mogleg søppel frå naturen før fuglane byrjar hekkesesongen sin.
Plast og anna avfall i naturen utgjer ein stor trussel for dyrelivet, spesielt for fuglar som risikerer å forveksla plast med mat eller bruka det i reirbygging. Ved å rydda tidleg på våren bidreg me til å skapa eit tryggare og reinare miljø for fuglar og andre dyr.
Alle kan delta – anten du ryddar åleine, med familie, venner, kollegaer eller ein organisasjon. Saman kan me gjera ein stor forskjell!