Vil du bidra til eit reinare Sogn?
Her er ein enkel og praktisk guide til korleis du kan vera med og bidra
Foto: Hold Norge Rent
1. Finn ut kvar du kan rydde
Bruk Ryddenorge.no sitt kart for å sjå område som er forsøpla.
Du kan også velja å rydda i område du sjølv veit treng ein opprydding.
2. Rydd saman
Det er både morosamt og effektivt å rydda saman med venner eller familie.
Finn du ingen å rydda med? Sjekk om det er planlagde ryddeaksjonar i nærleiken eller registrer din eigen på Ryddenorge.no
3. Skaff ryddeutstyr og lever avfallet
På Ryddenorge.no sitt kart finn du oversikt over:
- Hentepunkt for ryddeutstyr
- Leveringsstader for avfall
For rettleiing til handtering av avfall, sjekk SIMAS
4. Rydd trygt og effektivt
For å sikra ein trygg og effektiv ryddeaksjon, sjekk ut rettleiarene frå Hold Norge Rent:
Sikkerheitsveileidar – Viktig informasjon om trygg rydding
Ryddeveileidar – Praktiske tips til planlegging og gjennomføring
5. Bidra til å forhindra forsøpling
Ei enkel registrering av kvar og kor mykje du har rydda gir verdifulle data. Ei meir detaljert registrering er eit viktig bidrag til folkeforskinga som jobbar målretta med å forhindra forsøpling. Registrer aksjonen og på ryddenorge.no
I 2023 vart det samla inn over 2 000 tonn med marin forsøpling av frivillege – ei påminning om kor viktig det er å bidra.
Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt! Takk for at du engasjerer deg!!
Her finn du fleire tips til ein god ryddeaksjon.