1. Hjem
  2. Fjordkveldar

Fjordkveldar 2025 – Fjorden som friluftsarena 🌊🌿

- Ein kveld for inspirasjon, engasjement og fellesskap ved fjorden ✨

Etter fjorårssuksessen inviterer Sogn Friluftsråd igjen til ein serie fjordkveldar i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Naturvernforbundet Indre Sogn og Framtidshavet. I år rettar me blikket mot fjorden som friluftsarena – ein stad for naturopplevingar, fellesskap og framtidstru. Gjennom engasjerande foredrag, sterke historier og lokale perspektiv ønskjer me å løfta fram fjorden som ein viktig del av både kvardagsliv og framtidsvisjonar.

Med forfattar og fjordentusiast Sigri Sandberg, eldsjel, plastryddar og initiativtakar til Rein Sognefjord Kenneth Bruvik, fagressurs på verneprosessen frå Statsforvaltaren, lokale perspektiv og engasjerande innslag frå heile Sogn, inviterer vi til ei oppleving som både varmar og vekkjer.

Det blir moglegheit for kjøp av drikke og noko å eta, og det blir eit mingleområde med stand frå samarbeidspartnarar og lokale aktørar.

 

For meir innformasjon om programmet, sjekk ut arrangementene nær deg:

 

📍 Tysdag 10. juni – Lærdal

 Facebook arrangementet

 - Program Lærdal.pdf 

 


📍 Onsdag 11. juni – Årdal 

 Facebook arrangementet

 - Program Årdal.pdf 

 


📍 Torsdag 12. juni – Sogndal

Facebook arrangementet

 - Program Sogndal.pdf 

 


📍 Fredag 13. juni – Vik

Facebook arrangementet 

 - Program Vik.pdf 

 

 

Arrangementa er gratis og opne for alle.

 Oversikt 2.jpg