Ungdom i natur
Video: Vegard Aasen
Ungdom i natur er eit gratis friluftstilbod for ungdom mellom 11 og 16 år i Aurland, Årdal, Lærdal, Luster, Vik og Sogndal kommune.
Prosjektet blir drive av Sogn friluftsråd, og skal gi ungdom moglegheita til å utforske naturen, prøve nye aktivitetar og finne si eiga friluftsglede.
Eit tilbod for alle
Ungdom i natur passar for alle – uavhengig av erfaring eller utstyr. Gjennom året arrangerer vi helgecampar, aktivitetsdagar og kurs i samarbeid med lokale lag og foreiningar. Målet er å skape trygge, kjekke og lærerike opplevingar, der ungdom får kjenne på meistring, fellesskap og naturglede.
Slik fungerer det
Aktivitetane blir publisert i ei oversikt på nettsida vår, der ungdommane sjølv kan melde seg på det dei har lyst til å vere med på.
Det er inga plikt til å delta kvar gong – ein blir med når det passar.
Programmet varierer gjennom året, og kan til dømes innehalde; klatring, padling, fridykking, overnatting ute, skredkurs og sykling. Det vil være både være overnattingscampar og aktivitetar/kurs i vekedagar etter skuletid.
For lag og organisasjonar
Gjennom prosjektet ønskjer vi å knytte ungdom nærare til det lokale friluftslivet.
Lag og foreiningar får høve til å:
-
Syne fram aktiviteten sin
-
Rekruttere nye medlemmar
-
Bidra til gode fritidstilbod i regionen
De bestemmer sjølv kor mykje de vil bidra – alt frå ein enkel kveld til ei heil helg.
Påmelding:
https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/
Kontakt ved spørsmål:
Ingrid Emilie Aarflot
ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no
Tlf: 91004317
Ungdomscamper 2026
Dagsaktivitar for ungdom 2026