Gardsbruket i Eidet
Sogn friluftsråd har overteke gardsbruket i Eidet og skal leggje til rette for at eigedomen skal vere ein stad for friluftsliv på land og på fjord. Staden og bygningane skal setjast i stand og utviklast og tene som eit ålment friluftsområde.
Arven etter Svein Henjesand
De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum fekk gardsbruket som testamentarisk gåve i 1987, og tok over drifta i 2000 etter at Svein Henjesand gjekk bort.